Gå til sidens hovedinnhold

Ras ved Risevatnet

Artikkelen er over 11 år gammel

I helga gjekk det ras ved den populære turvegen ved Risevatnet.

Heldigvis kom ingen til skade i raset som gjekk natt til laurdag.

Ved Tåhamrane 2,5 km innover den populære turvegen hadde ein større mengde stein lausna frå fjellet like over vegen.

Det er nærmast loddrett opp 300 meter akkurat på denne staden ved Tåhamrane.

Det var Elsa Fossedal som fyrst oppdaga raset laurdag formiddag.

Ho fekk varsla Svelgen kraftstasjon som har vedlikehaldet av vegen, dei skal inn med gravemaskin og fjerne steinen.