Rådmannen prioriterer skulane

Av
Artikkelen er over 17 år gammel

BREMANGER: Det er skulane som kjem best ut når vi legg saman driftssida og investeringane i Bremanger kommune komande år. Løyvingane til drift er auka med 1,1 millionar, og det er sett av 4 millionar til rehabilitering både i 2004 og i dei tre neste åra.

DEL

Dette viser tala i forslaget til økonomiplan for Bremanger kommune for 2004-2007 som no er lagt ut på høyring. Svelgen skule får 284.000 kroner meir å rutte med neste år, Hauge får 300.000, Davik 92.000, Frøyen 196.000, Berle 174.000, Ålfoten 28.000 og Kolset 39.000 kroner. Ser vi på einskildpostar, er det likevel sentraladministrasjonen som får mest, budsjettposten er her auka med 1.568.000 kroner, frå 21,6 millionar til godt og vel 23,2 millionar kroner. Kultur blir tilgodesett med 100.000 kroner ekstra, det er også ein liten auke i postane for open omsorg indre og tenestene til funksjonshemma. Teknisk seksjon, Stasjonen barnehage og Kalvåg barnehage må greie seg med litt mindre enn dei har hatt til disposisjon inneverande år. Det totale driftsbudsjettet for Bremanger kommune neste år er på 138.2 millionar kroner, mot 135,4 i år. Driftsauken kan forsvarast mellom anna gjennom auka inntekter på sal av kraft.

Vil ikkje overleve

– Eg må få presisere at det er rådmannen sitt forslag og tilråding til økonomiplan som no ligg ute til høyring, og eg kan like godt seie med ein gong at dette forslaget vil ikkje overleve. Då må det i tilfelle skje noko drastisk, og det trur eg ikkje, seier ordførar Einar Kjerpeseth.

– Går vi gjennom investeringane, ser vi til dømes at fleirbrukshallen ikkje er tilgode sett med ei einaste krone, den er ikkje eingong nemnd i teksten. Rådmannen har ikkje rom for så store investeringar, seier han vidare.

Merknader

Det einaste han har sett av midlar til utanom rehabilitering på skulane og ferdigstilling av Bremanger bu- og servicesenter, er IKT, større vedlikehald, mellom anna ved kyrkjene, bygdebok for Bremanger og aksjon skuleveg. Til saman vil det utgjere 13,4 millionar kroner.

Det som er viktig no, ifølgje ordføraren, er at folk engasjerer seg og skriv synspunkta sine om økonomiplanen ned på eit ark, og sender dette til formannskapskontoret i kommunen. Fristen for å kome med merknader er sett til 4. november.

Artikkeltags