Tok promillekøyrar ved Grov

FLORØ: Bilist stogga av politiet natt til onsdag.

DEL

Klokka 00.46 onsdag blei ein bilist stogga av politiet i ein promillekontroll. Kontrollen gjekk føre seg på Riksveg 5 ved Grov, og bilisten er mistenkt for køyring i ruspåverka tilstand.

– Vedkomande blei teken med til lege for blodprøvetaking og førarkortet er beslaglagt, stadfestar politioverbetjent Synnøve Domben.

Artikkeltags