Pris til Ola Braanaas og Firda Sjøfarmer

Av
Artikkelen er over 8 år gammel

Firda Sjøfarmer er valt til Årets Bedrift.

DEL

Firda Sjøfarmer, med avdelingar i Eivindvik og Sørbøvåg, er kåra til Årets Bedrift av Sparebanken Vest og avisa Strilen.

Oppdrettsbedrifta er leia av Ola Braanaas som tidlegare budde i Florø, då han dreiv Firda Settefisk/Firda Sjøfarmer i Norddalsfjord.

I grunngjevinga frå juryen heiter det at Firda Sjøfarmer er ei bedrift som har bygd seg stegvis opp og posisjonert seg på ein måte som gjer at at ein no kan nyte godt av gode tider i oppdrettsbransjen. Samstundes har selskapet framleis eit gründerpreg og er i gang med nye planar om utbygging.

I takketalen sin peika Ola Braanaas mellom anna på kor viktig det er å ikkje slutte å ta sjansar etter oppnådd suksess.

Artikkeltags