Prioriterer opp Kystvegen

Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Kystveg-prosjektet har rykt opp nokre plassar i dei fylkeskommunale prioriteringane.

DEL

Det kjem fram hos Firda, som er på plass i Leikanger.

Kystvegen mellom Måløy og Florø rykker fram i køen bak ferdiggjeringa av Fv609 Olden–Innvik, når dei fylkeskommunale samferdslepolitikarane i dag legg på plass hovudtrekka for vegsatsinga i Sogn og Fjordane fram til 2023. Dei raudgrøne fleirtalspartia i fylkestinget før dagens møte bestemte seg for å prioritere opp delparsellen Svelgen–Indrehus (bompengefinansiert) av Kystvegprosjektet, medan Høgre, Frp og Venstre vil flytte Kystvegen – den såkalla 45-minuttregionen – øvst på si marginalliste.

I framlegget til raudgrøne, som vi har fått oversendt frå utvalsleiar Arnstein Menes (Sp), er Kystvegen er i ferd med å kome i posisjon, føre både opprustinga og Svesundbrua på Fv57 mellom Dale og Storhaug (bompengefinansiert), Fv 60 Hornindal–Møre grense, og deretter del II av Kystvegprosjektet: bompengefinansiert bruløysing over Nordfjord mellom Rugsund og Vemmelsvik. Vidare følgjer, i det raudgrøne fleirtalsframlegget, Fv 5 Tronvika – Ulvåna, Fv 55 Høyheimsvik – Nes, Fv 303 Seimsdalstunnelen, ny tunnel, Fv 615 Sandane – Storebru, Fv 609 Stongfjorden – Askvoll og Fv 662 Nordfjordeid – Torheim.

Med Olden-Innvik no ute av marginallista i Regional Transportplan (RTP), som er lista over prosjekt som ikkje er fullfinansiert, vil då Svelgen-Indrehus bykse til topps på lista.

Ordførar Bengt Solheim-Olsen er oppglødd over framgangen.

– Dette gjer at det er realistiske moglegheiter for å få starta på prosjektet i nær framtid. Det er per i dag ikkje midlar tilgjengeleg, men når Olden-Innvik er ferdig vil 45-minuttsregionen ligge øvst på marginallista, og få tilført midlar neste gong det er tilgjengeleg. Går det gjennom kan dette få sin oppstart dei næraste åra. I samferdslesamanheng er det det saman som "snart", seier Solheim-Olsen.

Godt grunnlag

Solheim-Olsen gjer fylkespolitikarane honnør for å ha fanga opp dei sterke signala som er komne frå kysten.

– Dette gir oss ein moglegheit til å ta diskusjonen om fylket eller staten skal ta over ansvaret, og gjere den om til riksveg. Uansett om det vert riksveg eller fylkesveg er det ekstremt viktig at fylkestinget prioriterer den øvst. Alle signal tyder på at det blir gjort, då er det berre å skryte av at fylkespolitikarane har teke dei sterke signala som har komme frå regionen vår og vel å prioritere dette. Så må vi sjølvsag jobbe knallhardt vidare med prosjekt sør og nord for Florø i åra som kjem, seier han.

– Det har vore ein strategi å få 45-minuttsregionen, som trass alt er ein del av Kystvegen, til å vere det neste store prosjektet etter Olden-Innvik. Det er det no tverrpolitisk semje om. Det er forskjellige meiningar om Olden-Innvik skal fullfinansierast eller ikkje, men uansett så er alle partia einige om at 45-minuttsregionen er det største prosjektet etter Olden-Innvik, forklarar han.

Artikkeltags