Victoria (31) og Kristine (22) har begge blitt utsett for vald fordi dei var homofile. Men tidene er endra. No samlar alle seg om Pride i Førde.

STOLT GJENG: Ordførar Ola Teigen saman med Camilla Tindvik, Kristine Agledal, Victoria Halvorsen Midtbø, Irene Løkkebø Halsnes, Eva Halvorsen, Pamella Gouvea og Leni Agledal.

STOLT GJENG: Ordførar Ola Teigen saman med Camilla Tindvik, Kristine Agledal, Victoria Halvorsen Midtbø, Irene Løkkebø Halsnes, Eva Halvorsen, Pamella Gouvea og Leni Agledal. Foto:

FLORØ: Ordførar Ola Teigen skal heise Pride-flagget på rådhuset laurdag.

DEL

Neste laurdag går mange LHBT-personar (samleomgrep for lesbiske, homofile, bifile og transpersonar, journ. mrk.) frå Flora kommune i Prideparaden, når Førde arrangerer SoFjo Pride 2019. Vi møtte nokre av desse ei veke før det store, skeive arrangementet. Vi sit utanfor rådhuset i Florø. Her, neste laurdag klokka 10.00 – i forkant av avreise til arrangementet i Førde, blir det halde ei lita markering.

Hatytringar

Ifølge Firda er bakgrunnen til initiativet om å halde ein slik kampdag i Sogn og Fjordane, ein rapport frå i år som seier at ein av fire LHBT-personar har vore utsett for hatytringar. Dette er noko alle dei skeive som vi snakka med har førstehands kjennskap til. Både Kristine Agledal og Victoria Midtbø har blitt utsett for hatvald.

– Då eg kom ut av skapet i 2007 turde eg ikkje gå hand i hand med jentekjærasten min. Så sterk motstand var det den gongen. Og nyttårsaftan 2014 vart eg konfrontert av ein mann som skreik «du er så jævla ekkel, di jævla lesbe» til meg. Så knalla han meg rett ned, fortel Victoria. Kristine opplevde mykje det same, berre i ein taxikø i Florø sentrum.

Med denne fine gjengen med jenter som sit utanfor rådhuset ein fredag ettermiddag er også Eva Halvorsen. Ho seier det var tøft å vere mor til Victoria etter at ho kom ut av skapet.

– Eg støttar ho i alt ho gjer, og alt ho står for. Ho er jenta mi uansett legning. Det gjekk innpå oss familien at ho hadde det så tøft i starten, ho fekk gjennomgå ei stund. Det var ikkje så lett for ho. Men heldigvis vart det betre og betre etter kvart som tida gjekk, legg Eva Halvorsen til.

Godt miljø

For samfunnet har jamt og trutt endra seg til å bli meir aksepterande og tolerant.

– Det å vere skeiv no i Florø er fantastisk! Eg blir sett på som stemamma til Patrick og Vilde utan at nokon ser på det som rart. Eg kan gå hand i hand med Irene uten problem, og det er lite skjellsord å møte på her lenger, seier Victoria.

Den same opplevinga har resten av jentene. Pâmella Gouvêa. Ho er forlova med Leni Agledal, og er opphavleg frå Brasil, eit land som behandlar sine homofile særs dårleg.

– I og med at eg er ein utlending, har vort gift med ein mann og har eit barn, så hadde eg forventa meir fordommar. Men eg har ikkje møtt nokre enno. Det gjer til at eg tenker at det ikkje berre er i byene dei homofile har fått det betre, men også i småbyane. Og eg føler meg meir velkommen her i Florø med tanke på at eg er skeiv, enn i landet eg kjem frå, seier Pâmella.

Men det er framleis ein del fordommar like under overflata.

– Eg har ikkje vært så redd for kva andre skulle tenke og meine om meg og min legning, men at etter eg blei stemor har eg bekymra meg for om ditta skulle gå utover ungen. Men også det har gått veldig bra hittil, seier Leni.

Men det homofile miljøet i Florø har blitt ein viktig støtte i jentene sitt liv.

– Vi er eit lite miljø som går fint saman. Det at det er så lite er sjølvsagt ein fordel, men samstundes er vi alle inkluderande og opne for at fleire skal komme inn og føle seg heime. I storbyane er det dessverre ein del hets i det indre skeive miljøet. Det er det ikkje her, seier Kristine, som er forlova med Camilla Tindvik.

Historisk

Det skapa stor åtgaum i LHBT-miljøet i Florø då ordførar Ola Teigen orienterte om at han skal heise prideflagget på rådhuset neste laurdag til ære for Pride. Deretter set han kursen mot Pride i Førde, for Teigen er blant ordførarane som skal gå i homoparaden.

– Pride er eit viktig arrangement for heile fylket. Eg vel å heise prideflagget på rådhuset for å markere at Flora kommune er ein bykommune som er open og inkluderande for alle, uansett legning.

Arrangementet i Førde er dessutan historisk: Det er aller første gong blir det arrangert Pride-festival i Sogn og Fjordane.

– Det var ikkje for tidleg. Endeleg skal vi og få feire at likeverden er på plass i vårt fylke også, seier Victoria og dei andre jentene.

Artikkeltags