Posten vil truleg ikkje lenger komme kvar dag lenger

VARSLAR KUTT: Posten vurderer å levere post annakvar dag.

VARSLAR KUTT: Posten vurderer å levere post annakvar dag. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

FLORØ: Vi sender færre brev. Det får konsekvensar.

DEL

 Vi sender færre brev. Det gjer til at Posten ikkje lenger ser det som naudsynt å levere posten kvar einaste dag. Dette melder Nettavisen fredag morgon.

– Kvar husstand mottar berre tre adresserte brevsendinger i veka. Då er det ikke lenger grunnlag for dagleg postomdeling, seier konsernsjef Tone Wille i Posten Norge i ei melding til Nettavisen.

For 3. kvartal 2018 var nedgangen i postvolumet på 15,5 prosent, samanlikna med for eitt år sidan. Det tyder at kvart sjette brev er borte på et år.

Wille meiner det er naudsynt at Posten går over til post annankvar dag frå og med 2020. Om ikkje blir det veldig dyrt for staten. Ho understrekar at for aktører med spesielle behov, som til dømes avisene, er det naudsynt å finne alternative løysingar.

Artikkeltags