Fleire containerar med pakkar ventar: – Kom og hent!

Slik ser det ut i det knøttvesle postrommet på Coop Extra. Og meir pakkar erå  finne i panterommet og ved kassane. Heile åtte containerar ankom torsdag. Kjersti Larsen Sundal til venstre, Marianne Veiesund til høgre.

Slik ser det ut i det knøttvesle postrommet på Coop Extra. Og meir pakkar erå finne i panterommet og ved kassane. Heile åtte containerar ankom torsdag. Kjersti Larsen Sundal til venstre, Marianne Veiesund til høgre.

Artikkelen er over 1 år gammel

FLORØ: Torsdag fekk Coop Extra åtte containerar og Coop Marked fekk fire.

DEL

Det betyr at kapasiteten er rimeleg sprengd - og vel så det - begge plassar. Hos Coop Marked har Kjersti Skorpen Mathiesen akkurat fått scanna inn alt som kom i dag og fått plassert det i hyllene.

– Heldigvis har det vore nokre og henta i dag, slik at det akkurat blei plass til det som kom i dag.

På Coop Extra er situasjonen ein annan. Der er det ikkje snakk om at det vesle postrommet midt i butikken har plass til innhaldet i dei åtte containerane som kom inn dørene i dag.

Det var konstant kø framfor postskranken då Firdaposten var innom Coop Extra i ettermiddag, men Kjersti Larsen Sundal ser gjerne at enno fleire kjem og hentar pakkane sine - så fort dei får hentemeldinga.

Det var konstant kø framfor postskranken då Firdaposten var innom Coop Extra i ettermiddag, men Kjersti Larsen Sundal ser gjerne at enno fleire kjem og hentar pakkane sine - så fort dei får hentemeldinga. Foto:

– Forutan det du ser her, står det ein container på panterommet, og to ved kassane. I tillegg har vi to vi ikkje har plass til her, opplyser Kjersti Larsen Sundal.

Det er mykje arbeid med å scanne inn alle pakkane når dei kjem, og den jobben må gjerast for at folk skal få hentemelding. Sundal trur folk ventar bevisst med å gå og hente pakkane.

– Det trur eg, fordi dei då slepp og gøyme dei unna til julafta heime. Mange av pakkane som kjem er ganske avslørande med tanke på innhaldet. Men at det er rekordmange pakkar i dag, handlar også om at fristen for private sendingar var 16. desember. No har desse pakkane komme fram, og då blir det ekstra mykje. Vanlegvis har vi fem stappfulle containerar på denne tida. Men det kjem til å vere fullt trøkk framover til jul no.

Og det einaste som kan avhjelpe situasjonen, er at du og eg går og hentar pakkane vi har fått hentemelding på.

– Ja, vi ber folk vere så snille og hente så raskt dei kan når dei har fått hentemeldinga, seier Sundal, og legg til at den bøna også har gått ut på Facebook-sida til butikken.

For i morgon kjem det nye containerar...

Artikkeltags