Høgre jublar for at fylket får nærpoliti på Gardermoen

NÆR: Frida Melvær (H) har sendt ut ei pressemelding der ho slår fast at nye politihelikopter på Gardermoen vil gje meir politi nær folk. Den avbilda helikoptermodellen er den politiet no skal erstatte.

NÆR: Frida Melvær (H) har sendt ut ei pressemelding der ho slår fast at nye politihelikopter på Gardermoen vil gje meir politi nær folk. Den avbilda helikoptermodellen er den politiet no skal erstatte. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

– Politireforma begynner no å gje resultat, dette betyr meir politi nær folk, skriv Frida Melvær (H) om helikoptera i ei pressemelding.

DEL

I revidert budsjett kom regjeringa med ei løyving som gjev politiet tre nye helikopter på Gardermoen. Sogn og Fjordane Høgre meiner det styrkar nærpolitiet. Det gjer ikkje lensmennene Åge Løseth og Arne Johannessen.

– Helikopter er ei viktig nasjonal satsing, men har ingenting med nærpoliti å gjere, seier Johannessen til Firda.

– Nei, eg oppfattar ikkje helikopterberedskap som noko bidrag til eit godt, synleg og sterkt nærpoliti, seier Løseth.

Viktig, men ...

Dei to er begge tydelege på at helikopter er ei naudsynt nasjonal satsing, som også kan komme fylket til gode, men er like tydelege på at det er andre ting dei treng for å styrke politiet lokalt.

– Vi treng nok politifolk, mindre geografiske einingar, og beredskap tjuefire timar i døgnet. I tillegg må alle dei nye lensmannskontora ha full portefølje. Det ville verkeleg gjort susen, seier Løseth.

Med portefølje meiner han at alle lensmannskontor må ha vakt/beredskap, etterforsking av straffesaker, sivile saker, samt forvaltning.

– Vi kan ikkje halde fram med vaktordningar som er så store at patruljen kjem 1–2 timar etter at hendingane skjer. Her kan dessverre ikkje helikopter hjelpe oss, seier Løseth.

– Det er dei første ein til to timane etter ting har hendt som er avgjerande for folk sin tryggleik. Då er det lokalt politi som gjeld, seier Johannessen.

Fjern og nær

Frida Melvær og Sogn og Fjordane Høgre har sendt ut ei pressemelding der dei slår fast at nye politihelikopter på Gardermoen vil gje meir politi nær folk.

– Har helikopter noko med nærpoliti å gjere?

– Det meiner eg definitivt. Sogn og Fjordane har stått i fleire krevjande situasjonar, til dømes brannen i Lærdal. Det er klart at ein må ha beredskap nært, men det er også viktig å få rask tilgang til spesialhjelp. Med tre nye helikopter vil hjelpa vere raskare tilgjengeleg, seier Melvær.

– Lensmennene Åge Løseth og Arne Johannessen meiner det er heilt andre ting, som bemanning, vaktordningar og responstid, som skal til for å styrke nærpolitiet.

– Det er eg heilt samd med dei i. Grunnbemanninga er heilt grunnleggande i politireforma, og det har også vore løyvd midlar til fleire politistillingar. Dette blir viktig å følge opp, seier Melvær.

– Går du ikkje litt langt når du skriv at helikopter vil gje meir politi nær folk?

– Eg forstår godt at folk er urolege for om vi vil få eit reelt nærpoliti. Då er det viktig at vi får synleggjort at vi heile vegen arbeider med gode ordningar for politiet. At ein set søkelys på dei utfordringane som er, og at partiet og regjeringa svarar på dei utfordringane som vi møter i dialog med region Vest eller lensmenn.

– Er helikopter eit godt nok svar for dei som uroar seg for det som er nærare?

– Eg ser at ein kan tenke: «er det dette nærpolitiet handlar om», men helikoptera er det som kjem på toppen av det som skal skje lokalt.

Kva som skal skje lokalt er framleis det store spørsmålet. For medan prosessen tar si tid, haglar kritikken mot reforma som ei sentraliseringsreform.

– Du meiner framleis at regjeringa si politireform kjem til å styrke nærpolitiet?

– Det gjer eg absolutt. Det eg slit med, i høve andre parti, er at dei kan seie at dette er ei reform som ikkje held mål, allereie før ho trer i kraft. Alt er ikkje gjort over natta. Vi jobbar kontinuerleg med å innfri. Dette er eit steg på vegen.

– Er feiringa av helikopter som nærpoliti eit forsøk på å demme opp for kritikken mot reforma?

– Definitivt ikkje. Dette handlar om viktige verktøy. Helikopter er del av den nasjonale biten, som kan styrke politiet med ekstra innsats når det krevst. Vi løyver også pengar til meir utstyr, seier Melvær.

100 millionar til utstyr

I revidert statsbudsjett vart det også løyvd 100 millionar ekstra til politiet som frie midlar. Desse pengane er meint å gje politiet nytt utstyr, mellom anna utstyr som skal gjere etterforsking på staden enklare.

– Dette er veldig gledeleg. Eg satsar på at vi får nytt utstyr og kanskje bilar. Det er eit stort behov for investering i køyretøy i heile Vest politidistrikt, seier Johannessen.

Artikkeltags