Bøyer seg for politi-flytting til Bergen

Wenke Hope tek over som stasjonssjef i Florø.

Wenke Hope tek over som stasjonssjef i Florø. Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Fylkesutvalet bit i det sure eplet, og tek til vitande at politiet i fylket no vil få Bergen som administrasjonsstad.

DEL

No står kampen om å få behalde naudetatane sine sentralar i fylket ved hjelp av moderne datateknologi. Fylkespolitikarane slutta seg måndag til initiativet kommunane nyleg har teke, og der dei ønskjer eit prøveprosjekt med såkalla virtuell samlokalisering. Denne teknologien gjer det mogleg å halde til på ulike stadar, men kommunisere som om ein er i same rom. Det skriv Firda tysdag.

– Ein virtuell og nettvevdorganisert naudalarmsentral for Sogn og Fjordane vil styrke Stortingets intensjon om samlokalisering, meiner fylkesutvalet. Helse Vest har allereie utvikla og hatt suksess med virtuelle AMK-sentralar i nettverkssamarbeid.

Alarmsentralen er i dag samlokalisert med politiets operasjonssentral i Florø, og skal etter opplegget i politireforma følgje med til Bergen. Ambulansetenestas AMK-sentral ligg ved Førde sentralsjukehus. Fleire har frykta at også den på sikt kan bli flytta ut av fylket.

Fylkespolitikarane følgde i store trekk fylkesrådmannens tilråding, då dei måndag gav si fråsegn til valet av ny administrasjonsstad for politiet. Bergen blir akseptert, men politikarane meiner andre fellesfunksjonar og fagmiljø må kunne ligge andre stader, og vidareførast der ein har gode miljø.

Artikkeltags