Nektar å gje opp kampen

Floraordførar Ola Teigen (Ap) gir ikkje opp kampen om 70 økonomi- og rekneskapsarbeidsplassar i politiet.

Floraordførar Ola Teigen (Ap) gir ikkje opp kampen om 70 økonomi- og rekneskapsarbeidsplassar i politiet.

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Politidirektoratet peiker på Drammen som nytt økonomi-hovudsete. Det likar floraordføraren dårleg.

DEL

Måndag kom meldinga om at Politidirektoratet (POD) ønskjer å etablere eit storsenter for økonomi- og rekneskapsfunksjonar for politiet i Drammen. Dei har vurdert ei rekkje alternativ, og deira forslag på lokalisering ligg altså eit "steinkast" unna hovudstaden.

- Rein sentralisering

Flora-ordførar Ola Teigen (Ap) har gjennom vinteren flagga Flora sitt kandidatur i saka. Over 70 arbeidsplassar skal samlokaliserast i første omgang, og no reagerer Teigen på POD si grunngjeving i saka. POD hevdar at mange av dei mindre byane ikkje vil vere i stand til å rekruttere mange nok kompetente tilsette til å drive denne viktige tenesta for politiet.

- Dei har kalla politireforma for ei nærpolitireform. No ser vi i staden at det er ei sentraliseringsreform, seier Teigen, som til NRK slår fast at han er skuffa, men ikkje overraska.

Les også: Kan få 140 nye arbeidsplassar

Drammen ingen utkant

POD på si side meiner det ligg eit stort innsparingspotensiale i å velje Drammen som økonomi-hovudsete. Dei har vurdert kostnader til drift, omstilling, opplæring og ikkje minst rekruttering. Samtidig innrømmer dei at ved å velje Drammen, satsar ein på den hesten som i dårlegast grad oppfyller målet for statens nye lokaliseringspolitikk av offentlege arbeidsplassar. I framlegget til nytt inntektssystem til kommunane, trekkjer nemleg regjeringa og støttepartia deira eit gamalt og tidlegare vedteke mål opp av hatten igjen: Å flagge ut statlege arbeidsplassar frå hovudstaden til distrikta. I eit slikt bilde er Drammen neppe for distrikt å rekne.

Ber om støtte

- Vi skal halde fram Flora sitt kandidatur. Frå rikspolitisk hald er det stadig fleire parti som ønskjer utflytting av offentlege arbeidsplassar til distrikta. Viss dei faktisk meiner dette, så er jo nettopp dette økonomisenteret noko ein må gripe. Her er det ikkje flytting av eksisterande miljø, men oppretting av eit nytt, seier Teigen.

Han er kritisk til kva Politidirektoratet legg til grunn i vurderingane sine.

- Dei styrer mellom anna etter målet om at minimum ni personar skal ha maks 60 minuttar pendlaravstand til det nye senteret. Skal slike detaljar vere retningsgjevande for lokaliseringa, vil det utelate store delar av Sør-Norge i slike lokaliseringsval. Eg trur politikarane våre må våge å styre byråkratane sterkar i slike spørsmål, seier Teigen.

Han understrekar at kampen no blir gira opp frå Florø si side.

-  Dette er trass alt eit høyringsframlegg. Eg håpar heile Sogn og Fjordane vil støtte kampen for Florø-kandidaturet vidare, seier Teigen.

Høyringfrista i saka er sett til 6. juni.

Artikkeltags