Slo laus på mann utanfor Amfi

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Politiet har teke kontroll på ein person eter at han uprovosert skal ha slått til ein anna.

DEL

– Det var ein aggressiv mann som slo til ein annan mann utanfor AMFI i Florø, opplyser operasjonsleiar i Politiet Vest, Terje Magnussen, til Firda.

Han fortel at den fornærma fortel at han skal vere uskadd – og at politiet etter hjelp frå vitne har fått kontroll på gjerningsmannen.

Valden skal ha skjedd uprovosert.

– Gjerningsmannen skal ha vore veldig aggressiv, og slått til ei dør også, seier Magnussen.

Like før meldinga om valden kom, vart det også opplyst at ein person hadde knust ei glasrute i Strandgata i Florø.

– Det er nærliggande å tru at det er same person, seier Magnussen.

Artikkeltags