Ei natt med slåstkampar og sjukehus for politiet

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Politiet hadde mykje å ta hand om natt til 19. juni. Rus og vald er stikkord. Det skriv Firda.

I Florø blei ein overstadig rusa person køyrd heim til foreldre klokka 01:05. Seinare blei ein person som blei funnen på Kolkaia køyrd heim av same grunn. I tillegg blei det meldt om ein rusa person som måtte køyrast heim frå Krokane.

Politiet måtte også roe ned ein slåstkamp utanfor ein bensinstasjon i Florø.

På Brandsøya hadde ein ungdom falle om lag fem meter frå ein veranda. Ungdommen blei køyrd til sjukehus av ambulanse med skadar i hovud og skulder.

Seinare vart ein mann i Florø arrestert for familievald. Kona blei køyrd til legevakta med skadar i ansiktet.

Dette melder politiet i Sogn og Fjordane på Twitter.

Artikkeltags