Bil køyrde av vegen nær Brandsøya

TRAFIKKUHELL: Politiet opprettar sak etter at ein bil køyrde ut nær Brandsøya.

TRAFIKKUHELL: Politiet opprettar sak etter at ein bil køyrde ut nær Brandsøya. Foto:

DEL

Firdaposten fekk inn eit tips om at ein bil hadde køyrd av vegen på Rv 5 ved Brandsøy klokka 12.35 laurdag. Vi køyrde ut for å ta ein titt, og konstaterte at både bilbergar og politi var i ferd med å gjere seg ferdig på staden. Vegen var open, og det heile såg ikkje veldig dramatisk ut.

Tatjana Knappen ved Operasjonssentralen stadfestar dei faktiske forhold.

– Det er ein bil som har køyrd ut, det stemmer. Bilen er ikkje køyrbar, men eigar har sjølv tilkalla bilbergar og det er ingen trafikale problem. Det er heller ikkje meldt om personskade. Vegen er open no, etter at det var manuell dirigering der i ei kort periode.

Knappen fortel at det var fem personar i bilen. Politiet gjer sine undersøkingar på staden. Det er ikkje mistanke om promille, men det vil bli oppretta sak etter vegtrafikkloven§ 3: «Kvar og ein skal ferdast omsynsfullt og vere aktsam og varsam slik at det ikkje kan oppstå fare eller valdast skade og slik at annan trafikk ikkje unødig blir hindra eller forstyrra».

Uhellet skal ha skjedd klokka 12.03 i følge politiet på Twitter.

Det er kombinasjonen glatt føre, og dårlege dekk som gjorde at bilen køyrde ut, og at politiet vel å opprette sak.

Det er glatte parti langs Nordsidevegen, vi oppmodar folk om å køyre forsiktig.


Artikkeltags