Trafikkulykke i Svelgen

DEL

Politiet melder på Twitter at det har vore ei trafikkulykke ved Risesvingen i Svelgen. Ein bil og ein person er involvert, men det skal ikkje vere snakk om nokon alvorleg personskade. Det er svært glatt på staden.

– Sjåføren skal ha køyrd i låg fart, men det var veldig glatt på staden og vedkommande skal ha køyrt av vegen. Bilen skal vere ganske skadd, seier operasjonsleiar Per Algrøy i Vest politidistrikt til Firda.

Artikkeltags