Høgt tempo i Førde

Politi

Politi Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Politiet som var på plass i vår naboby hadde ein forholdsvis travel kveld på jobben i går fredag.

Det gjennomført ein del trafikkontrollar av UP; for det første vart det utskrive tre foreinkla førelegg i Erdalen på rv 5. Der er det 70-sone, medan høgste farten hos dei tre vart målt til 85 km/t.

Så vart ein mann i 20-åra stoppa under ein UP-kontroll i Halbrendslia, mistenkt for å køyre i påverka tilstand. Det var også kontroll i Hafstadvegen, der 38 bilførarar vart kontrollerte for promille, og der var det ingen reaksjon.

Litt seinare oppstod det knuffing i sentrum, som ende med at ein mann i 20-åra vart send til legevakta. Og sist, men ikkje minst, kontrollerte UP fire menn i 20-åra som var på fest. Der vart tre av dei sikta for bruk av narkotika, medan den fjerde vart sikta for innehav.

Utanom Førde var det berre Stryn som hadde behov for politibistand denne fredagen - ein mann i 40 åra fekk pålegg om å halde seg vekke frå ei adresse i kommunen fordi han var rusa og aggressiv.

Artikkeltags