To ulykker i Bremanger på ein dag

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Klokka 15.58 køyrde ein firehjuling i autovernet på Fv.616 sør for Leirgulen. Det melder politiet på Twitter.

Ein person vart sendt til sjukehus for kontroll etter trafikkulykka, i ettertid viser det seg at vedkommande heldigvis ikkje pådrog seg skadar. Det er ikkje mistanke om rus. Saka blir følgt opp av Florø politistasjon.

Seinare på dagen skjedde det ei sprengingsulykke i Ytre Bremanger, også ifølge politiet på Twitter. Ingen vart skadd, men det fauk steinar over vegen og ned på nabotomta. Ingen hus skal ha blitt treft.

Artikkeltags