Kollisjon i Myklebustdalen

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Politiet melder på Twitter at det har vore ein kollisjon i Myklebustdalen på Fylkesveg 614.

Det er melde om to personar i kvar bil, og alle saman har komet seg ut. Naudetatane er på veg.

NRK skriv klokka 16.37 at begge køyretøya har store materielle skader, og ein av personane klagar på smerter i ryggen. Ambulanse og brannvesen er på staden, medan politiet er på veg.

Firda utfyller seinare at alle fire vart sende vekk med ambulanse. To til lokal legevakt, og to til sjukehus. Skadeomfanget er uvisst.

Vegen var stengd i over ein time.

Artikkeltags