Menn på utestad blei for pågåande, damene ringde politiet

Av

Med ti minuttars mellomrom viste politiet to menn vekk frå ein utestad i Florø.

DEL

Klokka 01.47 fekk politiet melding om ein mann i slutten av 20-åra som oppførte seg ugreitt på ein utestad i Florø.

Det er Firda som skriv om saka først.

– Det var nokon damer som var misnøgde med oppførselen hans. Då politiet kom oppført han seg nokolunde greitt og forstod teikninga. Han blei pålagt om å forlate sentrum resten av natta, seier operasjonsleiar Bjarte Rebnord i Vest politidistrikt.

Ikkje meir enn ti minutt etterpå fekk politiet ei nærmast identisk melding. Denne gongen var det ein litt yngre mann på rundt 20, som også fekk pålegg om å forlate staden.

– Dei var nok begge litt for pågåande overfor det motsette kjønn på utestaden, seier Rebnord.

Politiet fekk også melding om ein ordensforstyrring i Førde i natt. Klokka 00.38 gav dei ein mann pålegg om å reise frå heim frå ein utestad, fordi han var for rusa.

Artikkeltags