Sterkt rusa kvinne lagde bråk i Strandgata

DEL

Litt før klokka 04 natt til søndag fekk politiet melding om ei kvinne i 30-40 åra som lagde bråk utanfor ein bar i Strandgata.

Kvinna var sterkt rusa og utagerande, seier Morten Rebnord i Vest politidistrikt til Firda.

Politiet rykka ut med ein patrulje, og fekk køyrt kvinna heim.

Artikkeltags