– Skal vi lykkast med byutvikling må vi sjå alt kommunen gjer i ein større samanheng

VENSTRE: Frå venstre Edvard Iversen, Torstein Hagen, Hilmar Eliasson, Njål Eliasson, Jan Henrik Nygård og Jacob Nødseth.

VENSTRE: Frå venstre Edvard Iversen, Torstein Hagen, Hilmar Eliasson, Njål Eliasson, Jan Henrik Nygård og Jacob Nødseth. Foto:

FLORØ: Venstre vil ha større fokus på byutvikling.

DEL

– Eit sentralt mål for Kinn kommune er å få fart på dei to byane våre Måløy og Florø som motorar i Kinn. Venstre har arbeida for å få dette tydeleg på dagsorden i Kinn, og for oss er dette avgjerande viktig for at vi skal bli ein meir attraktiv kommune.

Det skriv gruppeleiar Jacob Nødseth og Venstre si kommunestyregruppe i ei pressemelding. Dei peikar på at somme meiner at plan- og samfunnsutvalet åleine er den politiske arenaen for byutvikling, men at dette blir eit for snevert syn.

– Skal vi lukkast med byutvikling må vi sjå alt kommunen gjer i alle ledd i ein større samanheng, for å sikre at vi skapar gode byrom, meir aktivitet, trivsel og utvikling. Det ligg mange konsekvensar for byutvikling i saker som blir handsama i helse- og velferdsutvalet, oppvekst- og kulturutvalet, i kommunestyret og i formannskapet. For ikkje å snakke om i administrasjonen, skriv Nødseth og viser til fleire døme på problemstillingar: Skal det vere eiga kantinedrift på rådhuset, eller skal ein legge opp til at kafeane i byen blir brukt? Korleis bidrar innkjøpsreglement til meir eller mindre aktivitet i gata? Kva eigedomar skal kommunen eige, og korleis forvaltar kommunen desse? Kor skal nye omsorgsbustader plasserast? Er planverket i kommunen tilpassa realistiske mål for aktivitet og utvikling, eller er desse ein hemsko for utvikling? Korleis skal skjenketidene vere? Skal det vere krav om næringsareal i første etasje i bygg i sentrum? Korleis kan god arkitektur og utforming av det offentlege rom skape trivelege byar? Korleis utvikle byar som gjer det mogleg å leve meir miljøvennleg?

– Spørsmåla er mange, og ansvar for desse ligg til mange nivå og organ i kommunen. Vi meiner at kommunestyret og dei folkevalde i relevante utval løpande må ha dette på dagsorden, og det same må kommunen sin administrasjon. Vi må ha ein heilskapleg og bevisst inngang i problemstillinga, og ha byutvikling med oss i alt vi gjer, skriv Nødseth.

Dei ønsker først eit meir overordna grundig temamøte for kommunestyret og utval, og så at det minst ein gong i året blir gjennomført ein temadag der dei folkevalde blir oppdatert på status i konkrete prosjekt og meir generelle problemstillingar som er aktuelle.

– Vi opplever ofte at det er mykje «murring» hos innbyggjarar og utbyggjarar om at kommunen ikkje jobbar godt nok med dette i smått og stort, alt handlar om forventningar til politikarane og kommunen. Vi treng ein arena der desse stemmene kan få sleppe til direkte til politikarane. Og politikarane må bli flinkare til å følgje opp og vere hands on i saker også mellom vedtak som blir fatta, skriv Nødseth.

Her er Venstre sitt framlegg til vedtak:

  • Første halvdel av 2020 skal det gjennomførast ein temadag for kommunestyret, hovudutvala mv. der tema er byutvikling i tråd med denne interpellasjonen.
  • Kommunen skal invitere innbyggjarar, utbyggjarar, næringsliv og fagfolk til å halde innlegg for politikarane der vi får fram ulike perspektiv på temaet.
  • Kommunen vil ha eit slikt temamøte minst ein gong i året. Om møtet viser seg fruktbart bør ein vurdere å vidareutvikle arbeidsforma til å ta for seg andre sektorovergripande tema, til dømes utvikling av distrikta, samferdsle, miljø osv.


Artikkeltags