Kinn har fått sitt første ungdomsparti - og dei tek like godt Bremanger inn i varmen med det same

FØRSTE UNGDOMSPARTI: Bendik Frammarsvik Larsen og Dina Bovim skal leie Kinn og Bremanger Unge Venstre ut av startblokkene.

FØRSTE UNGDOMSPARTI: Bendik Frammarsvik Larsen og Dina Bovim skal leie Kinn og Bremanger Unge Venstre ut av startblokkene. Foto:

FLORØ: Dina Bovim (16) blir Kinn og Bremanger Unge Venstre sin første leiar.

DEL

Dina Bovim (16) er vald som den første leiaren for det nye lokallaget. Bendik Frammarsvik Larsen (19) er politisk nestleiar og Amila Adzemovic (18) er organisatorisk nestleiar. Lokallaget blei stifta onsdag 13. mars og er per dags dato det einaste aktive ungdomspolitiske lokallaget i Kinn kommune.

På stiftingsmøtet etter skulebesøk på Flora Vidaregåande vart lokallaget skipa, og det var ein fri diskusjon om politiske saker frå første stund, i god Venstre-ånd.

- Kinn og Bremanger Unge Venstre meiner det er viktig å satse på den kollektive transporten i kommunane, både i byane og områda rundt, skriv dei nyvalde leiarane i ei pressemelding.  

- Ungdomspolitiske lokallag er viktige for demokratiet, og for framtida i kommunane. Ungdom vil bli høyrde, og eit ungdomsparti er ein god plattform for unge å ytre seg, seier Dina Bovim.

- Eg er takksam for tilliten eg har fått som nestleiar, og eg ser fram til å jobbe saman med Dina, Amila og resten av lokallaget for å gjere Kinn og Bremanger til grønare og meir liberale kommunar,seier nestleiar Bendik Frammarsvik Larsen.

Artikkeltags