Næringsministeren til Florø

Tysdag kjem Torbjørn Røe Isaksen til Florø, og skal besøke både Ewos og Aksello.

DEL

Tysdag 7. mai kjem næringsminister Torbjørn Røe Isaksen til Florø.

Han skal besøke Ewos Cargill i Gunhildvågen, og han skal delta på ei samling på Aksello.

Der skal han gi ei kort innleiing om regjeringa si merksemd på små og mellomstore bedrifter (SMB).

Over 95% av alle norske verksemder har mellom ein og 50 tilsette. Næringsministeren er oppteken av at regjeringa sin næringspolitikk skal treffe disse bedriftene, og Røe Isaksen ønskjer difor innspel frå lokale verksemder, melder Aksello.

Regjeringa skal legge fram ein eigen SMB-strategi før sommaren 2019.

Ministeren skal først på dagen delta på Næringsdagane 2019 i Førde, og deretter besøke PEAK Sunnfjord i Førde saman med digitaliseringsminister Nikolai Astrup.

Artikkeltags