I dag tek ho Fjord Base sine vilkår opp i spørjetimen

Ingrid Heggø (Ap) tek konsesjonsvilkåra ved Fjord Base opp i Stortingets spørjetime i dag.

Ingrid Heggø (Ap) tek konsesjonsvilkåra ved Fjord Base opp i Stortingets spørjetime i dag. Foto:

FLORØ: Ingrid Heggø er ikkje overtydd om at regjeringa gjer jobben sin for å sikre Fjord Base i Florø si framtid.

DEL

Gjer regjeringa nok for at alle sider ved utvikling på Fjord Base i Florø blir følgde opp? Ingrid Heggø (Ap) er ikkje overtydd, og difor spør ho olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg (Frp) følgjande spørsmål i dag:

I Innst. 376 S (2010–2011) skreiv ein samla komité at det "er viktig at drifts- og basemiljøet i Florø videreutvikles, og at kompetanse- og funksjonsbredde, herunder personelltransport, sikres. Dette vil være til gunst for regionen, men trolig også i forhold til de behov Statoil og etter hvert flere andre selskap har og er ventet å få i området". Kan statsråden garantere at konsesjonsvilkåra vert overhaldne?

- Hovudgrunnen til at eg stiller dette spørsmålet er at ordføraren i Flora, Ola Teigen, samtidig er hjå Equinor. Dette fordi innleige breier stadig om seg og det vert stadig vanskelegare å sjå om konsesjonsvilkåra og klare føresetnader som stortinget her har gjort, vert overhaldne, forklarar Heggø.

Spørsmålet  frå Heggø til statsråden kjem opp ca kl. 13.05 og kan følgast på Stortingets nett-TV ved å gå inn på denne lenka: https://www.stortinget.no/no/Hva-skjer-pa-Stortinget/Stortinget-akkurat-na/nett-tv/#storting

Artikkeltags