Til helga legg dei grunnsteinen for «Vestland Høgre»

Laurdag og søndag samlast fylkes-Høgre sitt styre i Flåm, i lag med sine partifeller frå Hordaland. Då skal fylkesleiar Vidar Grønnevik & Co ta første konkrete steg mot etableringa av «Vestland Høgre».

Laurdag og søndag samlast fylkes-Høgre sitt styre i Flåm, i lag med sine partifeller frå Hordaland. Då skal fylkesleiar Vidar Grønnevik & Co ta første konkrete steg mot etableringa av «Vestland Høgre». Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Klart for historisk felles fylkesstyremøte i Høgre på laurdag.

DEL

Førstkomande laurdag og søndag samlast Hordaland Høgre og Sogn og Fjordane Høgre til felles fylkesstyremøte. Møtestad er i Flåm og Fretheim Hotel, og det er liten tvil om kva som vert viktigaste sak.

Dei to fylkeslaga førebur som venta samanslåing og ligg an til å velje felles valnemnd, nominasjonsnemnd og programnemnd på fellesmøtet. I forkant skal dei to fylkesstyra ha møte kvar for seg, før dei set seg til bordet samla, for å meisle ut det nye storfylkespartiet.

Fylkesleiar Vidar Grønnevik er medlem av rådet for komiteen som skal meisle ut eit nytt prinsipprogram for Vestland Høgre.

Til det historiske møtet kjem det også gjester utanfrå, mellom anna Høgre-nestleiar Jan Tore Sanner, og Ida Melbo Øystese. Hoer visepolitimeister i Vest politidistrikt, og skal gje Høgre-folket eit innblikk i kva kriminalitetsutfordringar politiet og samfunnet står oppe i for tida.








 

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken