Skal ha kalla Unge Høgre-leiaren "Pling i bollen"

Ingvar Torsvik Myrvollen.

Ingvar Torsvik Myrvollen. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Høgre sin fylkessekretær Ingvar Torsvik Myrvollen blir skulda for mobbing.

DEL

Fylkesleiar Amanda Solvåg i Unge Høgre meiner fylkessekretæren har motarbeidd henne og ungdomspartiet med alle middel. Det skriv NRK Sogn og Fjordane fredag morgon.Det skriv NRK Sogn og Fjordane fredag morgon.

– Mot meg har det vore reinspikka mobbing. Han gjer alt han kan for å gjere jobben min vanskeleg. Han utøver herskarteknikkar der han kan. Og han viser lite velvilje til å samarbeide med oss i Unge Høgre. Eg orkar rett og slett ikkje meir snart, seier Solvåg til NRK.

Ho peikar mellom anna på at dei ikkje får hjelp frå Myrvollen, og at han når han svarar skriv at han ikkje kan prioritere dei. Ifølgje Solvåg skal Myrvollen også ved fleire høve ha drive politisk innblanding, til dømes i ein personstrid under årsmøtet til Sogn og Fjordane Unge Høgre i 2014.

Konflikten toppa seg i fjor, då Myrvollen skal ha bede Solvåg om nøkkelen til partikontoret, som ho hadde fått låne. Ho ville ikkje gje den frå seg før ho hadde snakka med fylkesleiar Arve Mjømen.

– Då eg gjekk for å ringe, skal Myrvollen ha kalla meg «pling i bollen», seier Solvåg. To andre ungdomspolitikarar stadfestar dette overfor NRK.

Myrvollen svarar: "Det er veldig leitt at ho har oppfatta mi utøving av jobben som fylkessekretær på denne måten; det har aldri vore mi hensikt", og peikar på eit møte dei to har hatt i ettertid, der Myrvollen peikar påa t begge partane vart samde om å legge påstandane bak seg. Det er ikkje Solvåg samd i.

- Det er nok å vere usamd med Myrvollen, så triggar ein noko i han som gjer samarbeidet krevjande. Blir det ikkje snarleg og varig betring i oppførselen til Myrvollen, bør Høgre for sitt eige beste få han vekk. Ikkje berre for min del, men for heile Høgre sin del, seier Solvåg til NRK.

LES OGSÅ: Mistillit til partisekretæren

Artikkeltags