Florøjente er ny rådgjevar for næringsministeren

Embla Belsvik har fått eit vikariat som politisk rådgjevar for næringsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Embla Belsvik har fått eit vikariat som politisk rådgjevar for næringsminister Torbjørn Røe Isaksen. Foto:

OSLO: Embla Belsvik skal vikariere som rådgjevar for Torbjørn Røe Isaksen.

DEL

Statsministerens kontor har engasjert Embla Belsvik i eit vikariat som politisk rådgjevar for næringsminister Torbjørn Røe Isaksen i perioden 1. januar – 31. mars 2019, opplyser regjeringen.no.

Politisk rådgiver Hannah Sumeja Atic har permisjon 14. januar – 31. mars 2019, og det er for henne Belsvik skal vikariere.

Embla Belsvik tek til i jobben 2. januar, og seier ho gler seg veldig.

– Dette er ei kjempemoglegheit! Eg kjenner meg veldig heldig som får jobbe i regjering, seier ho.

Belsvik har ein master frå Norges Handelshøyskole i økonomi og administrasjon, og det passar henne såleis godt at ho no skal inn i næringsdepartementet.

– Eg synes departementet er veldig spennande og ser på næring som eit viktig område. Eg vil få brukt både interessa mi for politikk og for næring og økonomi i denne jobben, seier Belsvik.

Ho har etter at ho var ferdig med utdanninga jobba eitt år som konsulent for KPMG, og det siste halve året hos Bekk Consulting. Belsvik er busett i Oslo.

Embla Belsvik var fylkesleiar i Sogn & Fjordane Unge Høyre 2011-13 og sat då også i bystyret i Flora. I 2013 var ho ungdomskandidat til Stortinget og 3. vara der. Ho har også site i styret til NHH.

Artikkeltags