Slik reagerer dei på meiningsmålinga

Oppe frå venstre: Steinar Ness (Sp), Frida Melvær (H). Nede frå Venstre: Ingrid Heggø (Ap) og Gunhild Berge Stang (V).

Oppe frå venstre: Steinar Ness (Sp), Frida Melvær (H). Nede frå Venstre: Ingrid Heggø (Ap) og Gunhild Berge Stang (V).

Artikkelen er over 2 år gammel

Mens Sp går til himmels på partibarometeret for april, er Venstre snart halvert sidan stortingsvalet i 2013. Slik reagerer fire av partitoppane på målinga:

DEL

– Vi skal klare å snu trenden

– Venstre er eit mobiliseringsparti, eg trur vi skal klare å reise oss denne gongen også.

Fylkesleiar Gunhild Berge Stang held optimismen oppe, trass i nærmast ei katastrofemåling for Venstre.

Ho har forståing for at alle reformene skapar utryggleik, og at ein kjennar ekstra på i det tjukkaste Sp-land, skriv Firda.

– Samtidig ser vi at det meste går rett veg i fylket. Eg trur det beste for Sogn og Fjordane er ei borgarleg regjering. Vi er nøydde til å møte framtida offensivt, seier Stang som finn det bekymringsfylt om det blir borgarlege regjering og fylket berre får Sp- og Ap-representantar og ingen borgarlege på Stortinget.

– Får Venstre svi for auken i drivstoffprisane og forsvar for at nesten halve Nasjonal transportplan går til jernbane på det sentrale Austlandet?

– Venstre har ikkje råd til å drive dobbeltkommunikasjon. Vi har stemt for å auke drivstoffavgiftene i det grøne skiftet, men det same har Sp og Ap gjort. Venstre har bidratt til å legge fram tidenes vegbudsjett, og skal det vere rom for å bygge vegar i distrikta, så må bytrafikken i større grad over på skjener. Næringslivet er avhengig av at transporten kjem seg forbi flaskehalsane i Oslo.

– Er Sveinung Rotevatn, ein av landets mest profilerte politikarar, for lite opptatt av fylket?

– Eg meiner det burde vere ein fordel at vi har ein politikar frå Sogn og Fjordane som er synleg i nasjonalpolitikken. Det har vore ei mangelvare. Vi ser at Sogn og Fjordane har falle igjennom når det gjeld å få posisjonar i maktapparatet. Eg trur vi ser det klassiske: Når folk er utrygge, søker dei mot det beståande.

– Dette er rart

– At Høgre går fram, forstår eg ingenting av, seier Ingrid Heggø.

At Sp fossar fram, er ein del av landstrenden. Ho ville finne det eit urimeleg om Ap skulle forme ein motstrategi mot eit parti dei spelar på lag med.

– Vår strategi er å få fram kva fire år med Høgre har gjort godt for Sogn og Fjordane. Eg har brukt fire år på å slåst for å behalde ting i fylket, ikkje å få til nye ting, seier Heggø.

– Typisk er jordbruksmeldinga. Hadde den gått igjennom, ville det sett smått ut for eit fylket som berre har små bruk. Regjeringa forstår ikkje oss ute i distrikta, seier Heggø.

Ho gir ikkje opp å få to Ap-representantar på Stortinget.

– Eg trur det er betre for Sogn og Fjordane å få to representantar som kan medføre endringar i Ap-gruppa enn to i Sp-gruppa som fører sin politikk uansett, seier Heggø.

– Skapar bilde av eit taparfylke

Frida Melvær tek framgang på 2,7 prosentpoeng sidan Infacts januarmålinga som teikn på at Høgre er i siget.

– Folk er usikre på alle reformene. Det er noko vi må ta på alvor, og etter beste evne formidle kvifor vi gjennomfører dei. Dette er viktig å ta tak i, seier Melvær.

Ho brukar mykje tid på å snakke med folk, og det vil ho halde fram med fram til valet 11. september.

– Eg får mange gode og positive tilbakemeldingar frå næringslivet og andre om at mykje fungerer godt i Sogn og Fjordane.

– Men opplever ikkje folk at mange av reformene ikkje passar her og går fylket imot?

– Det er den bodskapen Sp formidlar. Så ser eg at kommunane verkeleg har tatt kommunereforma på alvor og gjennomført gode prosessar der dei ser både behov og utfordringar. Nokre har valt å slå seg i lag, andre ikkje, alle med det mål å levere gode tenester. Eg vil applaudere den jobben kommunane har gjort.

Høgre misser mandatet sitt om Infact-målinga er rett. Melvær sitt svar er å ville halde fram at det gode som skjer i i Sogn og Fjordane.

– Sp prøver å skape eit bilde av eit fylke som nærmast er i avvikling. eit taparfylke. Det gjer meg veldig lei meg, og det stemmer lite med bildet eg får når eg møter folk rundt om i fylket, seier Frida Melvær.

– Vi ser eit distriktsopprør

– Eg meiner vi ser eit distriktsopprør både i Sogn og Fjordane og mange andre plassar.

Det seier 2.-kandidat for Senterpartiet, Steinar Ness, etter å ha fått presentert Sp si kjempenotering i InFact sitt partibarometer for Sogn og Fjordane i april.

Men Ness avbryt ikkje oppsynet med lamminga i sauefjøsen for å heise flagget.

– Du vinn ikkje valet i juni, juli eller august. Det er dei som går til urnene 11. september som bestemmer korleis Stortinget skal sjå ut dei neste fire åra, seier ein blid, men ikkje jublande viksdøling.

– Det har vore brukt mykje unyttig tid på å gle seg over gode meiningsmålingar og å uroe seg over dårlege. Når det er sagt, så teiknar det seg eit bilde gjennom nasjonale målingar og i fylka som viser at folk i aukande grad stiller seg bak Sp sine løysingar og ser at dagens Høgre/Frp-regjering i praksis fører ein politikk som gir aukande sentralisering og større skilnader mellom folk, seier Ness og legg til at dette også gjeld på dei områda som er styrte gjennom folkevalde vedtak.

– Regjeringa føler det veldig urettferdig at dei må bere følgene av fallet i oljeprisen. Men at ei svekt norske krone gjer at dei som sel varer til utlandet, får betre betalt og at det blir billigare for utanlandske turistar å komme til Norge, det vil dei gjerne ta æra for, seier Ness.

– Er Sp si suksessoppskrift å seie nei til alt nytt?

– Eg trur det er å undervurdere veljarane. Det vi seier ja til, er lensmann, doktor og prest i alle kommunar, seier Ness som gjerne siterer frå Jakob Sande når han reiser rundt.

– I hans ånd teke eg gjerne med klokkaren også, smiler han

– Korleis vil du profilere Sp fram mot valet?

– Eg har stor tru på Sogn og Fjordane, på dei som har valt å busette seg her, dei som driv næring og arbeider her. Difor meiner eg fylket er liv laga seier Ness og ramsar opp valkampoppskrifta: Utbygging av breiband til alle husstandar, mobildekning i hele fylket, infrastruktur som vegar og båtruter og andre Sp-løysingar for å styrke og jamne ut levekår i heile landet.

Artikkeltags