Formannskapet i Bremanger kommune er på kollisjonskurs med Flora når det gjeld den framtidige styringa av Kystvegen Måløy-Florø. Det melder Fjordenes Tidende.

På sist møte slo bremangarpolitikarane fast at de ikkje støttar Flora formannskap sitt vedtak om å kjøpe ut aksjane til dei to nabokommunane i aust, Naustdal og Førde, og dermed kaste dei ut av styret. Og dei går endå lenger: Om Naustdal og Førde sine aksjar skulle kome for sal, vil Bremanger nytte ein forkjøpsrett til aksjane, skriv fjt.no.

– Vi har ikkje motarbeidd Kystvegen