Geir Oldeide skal toppe Raudt si Kinn-liste

BLIR LISTETOPP: Geir Oldeide (Raudt Vågsøy) blir listetoppen når Raudt-laga i Vågsøy og Flora no slår seg saman og blir til Raudt Kinn

BLIR LISTETOPP: Geir Oldeide (Raudt Vågsøy) blir listetoppen når Raudt-laga i Vågsøy og Flora no slår seg saman og blir til Raudt Kinn Foto:

- Eit klart førsteval, seier partilaga.

DEL

Vågsøyværingen Geir Oldeide blir listetopp og ordførarkandidat for nyskapinga Raudt Kinn.

- Oldeide er det klare førstevalet for Raudt-laga både i Flora og Vågsøy, seier partilaga sjølve i ei pressemelding, og Oldeide har takka ja til oppgåva.

Leiar i Raudt Vågsøy, Daniel Henriksson, er svært nøgd med at Oldeide har bestemt seg for å stille under neste hausts lokalval.
 

- Ein meir rakrygga og ærleg politikar skal ein leite lenger etter. No vil vi gjerne ha med mange nye med på laget, både som medlemmer og listekandidatar, oppmodar Henriksson.



 

Artikkeltags