Valkomiteen vil ha Hilmar Eliasson som ny leiar i Kinn Venstre

NY LEIAR? Foreløpig må vi sette spørjeteikn der, men om valkomiteen får det slik dei vil er Hilmar Eliasson den nye leiaren i Kinn Venstre

NY LEIAR? Foreløpig må vi sette spørjeteikn der, men om valkomiteen får det slik dei vil er Hilmar Eliasson den nye leiaren i Kinn Venstre Foto:

POLITIKK: Førstkommande fredag er det årsmøte i Kinn Venstre, og det skal veljast ny leiar av lokallaget. No er valkomiteen si innstilling klar.

DEL

Venstre sitt lokallag i Kinn har kalla inn til årsmøte førstkommande fredag, og no har valkomiteen fullført sitt arbeide med å foreslå kven dei ønsker inn i det nye styret. Dei har samrøystes bestemt seg for at dei ønsker Hilmar Eliasson som ny leiar i Kinn Venstre.

– Vi har lagt vekt på å få med mange engasjerte og flinke personar i styret, og vi er spesielt glad for at Hilmar Eliasson har takka ja til å bli ny lokallagsleiar. Hilmar har vore åtte år i Flora bystyre og har særleg engasjert seg i planutvalet og i miljø og næringssaker. No er han medlem i kommunestyret i Kinn ogi oppvekst og kulturutvalet. Han har lang erfaring frå styrearbeid i frivillige organisasjonar og har ein framoverlent og inkluderande stil, det passar perfekt til jobben, seier valkomiteen sin leiar Jacob Nødseth i ei pressemelding.

Om årsmøtet tek valkomiteen sitt forslag til følge vil Eliasson erstatte Rune O. Nilsen som leiar i lokallaget. Nilsen vil framleis ha plass i styret, men ikkje som leiar. Edvard Iversen held fram som 1. nestleiar.

Her er valkomiteen si innstilling:

  • Leiar: Hilmar Eliasson (2 år, ny)
  • 1.nestleiar: Edvard Iversen (1 år, attval)
  • Medlem: Lasse Seim (2 år, ny)
  • Medlem: Selma Strand Larsen (1 år, attval)
  • Medlem: Karoline Korneliussen (2 år, ny)
  • Medlem: Rune O. Nilsen (1 år, attval)
  • Medlem: Klaus Iversen (1 år, attval)
  • Medlem: Jan Henrik Nygård (1 år, attval)
  • Medlem: Torstein Hagen (2 år, ny)
  • Medlem: Marit Barsnes Krogsæter (1 år, attval)
  • Medlem: Åse-Iren Korneliussen (2 år, ny)
  • Medlem: Sebastian Kvalheim (2 år, ny)

I tillegg deltar følgjande i styret, som ikkje vert vald av Kinn Venstre sitt årsmøte:

  • Styremedlem (representant frå Unge Venstre): Dina Bovim
  • Observatør med tale og forslagsrett: Gruppeleiar Jacob Nødseth

Valkomiteen overlet til årsmøtet å velje eventuelle varamdlem til styret.

- I styret har vi med mange med lang fartstid i styret, og vi sikrar fornying. No er det opp til årsmøtet, men vi er veldig fornøyd med vår innstilling, seier Nødseth.

Artikkeltags