Hanne er topp fem på den nye Vestlands-lista

NY POLITISK ARENA: Hanne Husebø Kristensen tok i dag eit langt steg mot å få oppfylt ønsket sitt om å bli fylkespolitikar i nye Vestland storfylke.

NY POLITISK ARENA: Hanne Husebø Kristensen tok i dag eit langt steg mot å få oppfylt ønsket sitt om å bli fylkespolitikar i nye Vestland storfylke. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

FLORØ: Hanne Husebø Kristensen står på femteplassen på Vestland Høgre si nominasjonsliste til fylkestingsvalet i 2019.

DEL

Dermed tyder det meste på at Kristensen for oppfylt ønsket sitt, om å tone ned innsatsen i lokalpolitikken til fordel for fylkespolitikken i framtida.

Den profilerte Høgre-politikaren frå Florø uttalte tidlegare i sommar at ho ønskte nye utfordringar, men var sjølv usikker på kva nominasjonskomiteen kunne ende på, all den tid ho også tevla med to andre profilerte Høgre-politikarar frå Flora, nemleg Bjørn Hollevik og fylkesleiar Vidar Grønnevik.

Dei to har fått høvesvis 30. og 40.-plass på lista, som blir toppa av bergenspolitikar Silja Ekeland Bjørkly, som dermed blir Høgre sin fylkesordførarkandidat i Vestland fylke.

På 23.-plass finn vi vågsøyværingen Morten Hagen, som nyleg blei peika ut som Høgre sin ordførarkandidat i Kinn kommune. Det kan fort bli eit spennande fylkestingsval for Hagen, då siste meiningsmåling ville gjeve Høgre 20 plassar i det komande Vestland fylkesting.

Elles har Sogn og Fjordane fått svært god utteljing på lista. Av dei 18 øvste plassane som kan reknast nokolunde sikre, er seks av dei frå vårt fylke.

No blir det opp til partiet sitt nominasjonsmøte å bestemme om lista frå nominasjonskomiteen blir den endelege. Det skjer 11. november i Bergen, etter ein høyringsrunde rundt om i dei ulike lokallaga i løpet av oktober.

Ti på topp-lista frå komiteen ser slik ut:

1. Silja Ekeland Bjørkly, Bergen
2. Noralv Distad, Aurland
3. Svein K. Halleraker, Stord
4. Dan Stian Femoen, Bergen
5. Hanne Eva Husebø Kristensen, Kinn
6. John Andre Kongsvik, Bergen, ungdomskandidat
7. June Vibecke Knudtsen Indrevik, Øygarden
8. Christer Lilleskare Olsen, Bergen
9. Sonja Øvre-Flo, Stryn
10. Karl Vågstøl, Alver

(...)

23. Morten Hagen, Kinn Høgre

30. Bjørn Hollevik, Kinn Høgre

40. Vidar Grønnevik, Kinn Høgre

56. Elisabeth Birkeland Hatlenes, Bremanger

Artikkeltags