Nødseth i møte med partikollegaer i regjeringa om «den grøne» verdiskapinga i Kinn

PÅ STORTINGET: F.v.: Sveinung Rotevatn, Jacob Nødseth og klima og miljøminister Ola Elvestuen.

PÅ STORTINGET: F.v.: Sveinung Rotevatn, Jacob Nødseth og klima og miljøminister Ola Elvestuen. Foto:

FLORØ: Meiner Kinn kan bli eit utstillingsvindauge for grøn verdiskaping.

DEL

Måndag var Kinn venstre sin ordførarkandidat Jacob Nødseth i møte med klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) i Klima- og miljødepartementet, begge hans statssekretærar og André Skjelstad (V) i næringskomiteen på Stortinget. Under møtet snakka dei om nokre av dei viktige tinga som skjer i Kinn og i regionen vår.

– Vi har hatt gode samtalar mellom anna om omstilling og moglegheiter på Fjord Base, i Fjord1, Måløy Marine Ressurssenter, Nekst, og planane om ei nullutsleppsbåtrute mellom Florø og Måløy. Sist ut av mange spennande ting som er i støypeskeia er Maritim Forening med base i Florø som får nasjonal støtte til å opprette Arena-klynga Ocean Hyway Cluster, skriv Nødseth i ein e-post til Firdaposten.

Klynga skal femne om bedrifter som er kopla opp mot hydrogenbruk i dei havbaserte næringane. Hensikta med satsinga er å sikre at Norge blir leiande i verda på bruk av hydrogen som energiberar.

Dei snakka også om «det grøne skiftet». Nødseth meiner Kinn kommune har alle føresetnader for å bli eit utstillingsvindauge for Venstre sin næringspolitikk.

– «Det grøne skiftet» er godt i gang i Kinn, og for meg er det viktig at Venstre både lokalt og nasjonalt gjer det vi kan for å legge forholda til rette for dei som vil skape framtidsretta og varige arbeidsplassar og vekst på kysten. Eg ser det som ei viktig oppgåve å vere ein døropnar for aktørar i Kinn inn til sentrale avgjerdstakarar i hovudstaden. Det er mange lokalpolitikarar som reiser til Oslo for å syte og klage, mi tilnærming er å formidle kvifor det å satse på næringslivet i Kinn er noko som er viktig også i ein nasjonal og internasjonal politisk kontekst. Alle politikarar vil ta del i ei suksesshistorie, og då er Kinn «the place to be»! Det alle store næringslivsleiarar held festtalar om, og som politikarar snakkar varmt om anten det er i Stortinget eller i FN, det kan vi få til i Kinn, og slik bli eit utstillingsvindauge for Venstre sin grøne næringspolitikk. I dag har eg berre møtt positiv framtidstru, og det er veldig motiverande, skriv Nødseth.

Artikkeltags