– Fylkesstyret ser alvorleg på saka

Arve Mjømen seier fylkesstyret ser alvorleg på saka

Arve Mjømen seier fylkesstyret ser alvorleg på saka Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Arbeidsutvalet har gått grundig inn i saka.

DEL

Det skriv Sogn og Fjordane Høgre i ei pressemelding, som Firda gjengir.

– Fylkesstyret ser alvorleg på situasjonen som har oppstått mellom fylkessekretær Ingvar Torsvik Myrvollen og leiar i Sogn og Fjordane Unge Høgre, Amanda Solvåg, står det i pressemeldinga.

Solvåg vart ikkje gjenvald som leiar under årsmøtet til Sogn og Fjordane Høgre i helga. Ho ville halde fram, men fekk ikkje tillit. Peter Hollevik frå Florø er vald som ny leiar.

Les også: Høgre sin fylkessekretær i hardt vêr
Les også: Høgre legg lok på saka

Ikkje mobbing

Arbeidsutvalet har gått frunding inn i saka og dei påståtte hendingane som ligg til grunn for varslingssaka.

– Etter samtalar med dei involverte har vi ikkje funne haldepunkt for at det frå Ingvar Torsvik Myrvollen si side har førekomme mobbing eller trakassering av Amanda Solvåg, heiter det i pressemeldinga.

Uakseptable uttaler og skildringar

Sogn og Fjordane Høgre skriv også i pressemeldinga:

– Det samstundes er klart at Ingvar Torsvik Myrvollen har komme med einskilde uttaler og skildringar av Amanda Solvåg som er uakseptable og som ikkje har nokon plass i partiet.

Arbeidsutvalet legg til at dei er tilfredse med at Myrvollen har gitt ei skriftleg orsaking utan atterhald for desse tilhøva.

Skal drøfte organisasjonsstruktur og samarbeid

I pressemeldinga står det også at arbeidsutvalet vil ta initiativ til eit utvida fylkesstyremøte, saman med sideorganisasjonane, for å drøfte orgnanisasjonskultur og samarbeid. Vidare vil etiske retningslinjer og rutiner ved varsling gå inn som ein fast del av grunnskuleringa i fylkespartiet.

Plasserar ansvar

– Høgre skal vere ein stad for folk i alle aldrar til å engasjere seg i viktige samfunnsspørsmål innanfor trygge og gode rammer. Det ligg eit særskilt ansvar på tilsette og tillitsvalte i leiarfunksjonar å syte for dette, konkluderer pressemeldinga.

Artikkeltags