Gå til sidens hovedinnhold

Frå Leeds til Nottingham

Artikkelen er over 5 år gammel

Det vart svært så gemyttleg då Ola Teigen overtok nøklane til ordførarkontoret frå avtroppande ordførar Bengt Solheim-Olsen.

Det skjedde på rådhuset i ti tida i går. Teigen fekk først ei klar melding om å vente litt med å ta i bruk kontor-PC-en til Bengten hadde fått ut alt han ville ha med seg. Nybegynnaren fekk og eit råd om ikkje å sitte for mykje i ordførarstolen.

Gode råd

– Ein ordførar i Flora bør ut og snakke med folk og næringsliv. Viss her er hol i stolen når eg kjem att om fire år, har du sitte altfor mykje på kontoret. Og så er det ingen grunn til å flytte rådhuset frå Strandgata, fleipa avtroppande ordførar med klar adresse til Ap sitt utspel i valkampen om at alle rådhusfunksjonane bør flyttast til det gamle sjukehusbygget. Teigen lova ¨å tenke over det.

Når han no set seg på ordførarstolen kan han heller ikkje unngå å sjå rett i glaninga på forgjengaren. For Bengten har allereie sytt for å få bildet av seg sjølv i glas og ramme opp på ordførargalleriet ved sidan av Bente Frøyen Steindal, og dei andre ordførarane Flora har hatt sidan siste kommunesamanslåing på 1960-talet. Ved dei siste skifta har dei ofte gått lang tid å få avtroppande i glas og ramme på veggen.

Beint bilde

– Bildet heng så beint som eg kan få det, kommenterte ein nøgd Solheim-Olsen.

– Eg får ta med meg laseren og ta ein sjekk, svara malar-fagmannen Teigen glisande. Også ordførarkjeda var teke fram og hang synleg på ei eiga ramma på eit skap. Denne gongen vert det såleis ikkje trong for å hente inn handverkarar for å bore seg inn i hvelvet, slik dei måtte då Solheim-Olsen tok over frå Bente Frøyen Steindal.

Teigen var godt nøgd med kontoret. Han såg ingen grunn til å sette i gang med å male det opp att slik forgjengaren gjorde straks han overtok.

– Det ser heilt greitt ut, utan eg har vurdert det faglege arbeidet, kommenterte Teigen før overrekkinga av nøklane. Den nye ordføraren registrerte også at eit grafisk trykk med rosemotiv på veggen hadde overlevd fire års høgrestyre. Derimot var han ikkje heilt nøgd med nøkkelknippet For her dingla framleis eit Leeds merke, favorittklubben til eks.ordføraren. Nottingham Forrest-supporter Teigen veit kva han vil hefte på i staden.

Kommentarer til denne saken