Nok ein erfaren politikar trekkjer seg frå fellesnemnda for Kinn

BER OM FRITAK: Tidlegare floraordførar Bente Frøyen Steindal.

BER OM FRITAK: Tidlegare floraordførar Bente Frøyen Steindal. Foto:

Av

FLORØ: Bente Frøyen Steindal har søkt fritak frå vidare nemnds-arbeid.

DEL

Når Flora bystyre samlast 6. november, får dei på bordet ein søknad om fritak frå vidare verv i fellenemnda for Kinn kommune frå Bente Frøyen Steindal   (Ap).  Om fritaket blir gjeve, vil Steindal vere den andre, røynde politikaren som trekkjer seg frå det vidare arbeidet med å rydde veg for ny storkommune, etter at Rolf Domstein (H) nyleg fekk fritak frå nemnda.

Den tidlegare floraordføraren har leia arbeidsgruppa for interkommunalt samarbeid, og ho har også vore medlem i arbeidsgruppa for arbeidsgjevarpolitikk.

Tilrådinga til bystyret er å innvilge fritakssøknaden, og at valnemnda skal kome med framlegg til namn som kan erstatte Steindal. Deretter blir det opp til fellesnemnda å velje erstattar for Steindal i dei ulike arbeidsgruppene ho har delteke i.

– Det er ingen dramatikk i at eg går ut. Bakgrunnen er at eg er mykje på reise, og det kolliderer med møtetidspunkta, seier Bente Frøyen Steindal i ein kommentar.

Ho rosar nemnda og arbeidsgruppene ho har sitte i, og har opplevd arbeidet som positivt.

– Eg har fått jobba saman med mange flinke og dedikerte lokalpolitikar, så det har vore ei givande tid, seier ho.

Artikkeltags