Digitaliseringsministeren kjem til Svelgen og Måløy

KJEM TILBAKE: Digitaliseringsminister Nicolai Astrup vitja Allan Madsen og Peak Florø i juni. No kjem han tilbake for å vitje mellom anna Elkem i Svelgen.

KJEM TILBAKE: Digitaliseringsminister Nicolai Astrup vitja Allan Madsen og Peak Florø i juni. No kjem han tilbake for å vitje mellom anna Elkem i Svelgen. Foto:

SVELGEN: Nikolai Astrup (H) tek turen til Sogn og Fjordane onsdag. Han skal innom både Elkem i Svelgen og Coast Seafood og VideoNor i Måløy.

DEL

Det er ikkje så mange vekene sidan digitaliseringsminister Nikolai Astrup (H) sist var på besøk i fylket. Då var han på besøk hos Allan Madsen i Peak Florø. No kjem Astrup tilbake til Sogn og Fjordane. Denne gongen skal han til Nordre Kinn, men han startar dagen med eit besøk hos Elkem i Svelgen.

Det er sette av ein dryg time til ministeren sitt besøk på Elkem. Der vil han få sjå tapping av metall, og få ein presentasjon av Elkem si verksemd. Verkssjef Arne Werge-Olsen vil vere til stades, og saman med fleire frå verket vil han presentere utvalde område der det finst eit digitaliseringspotensial.

Frå Svelgen går ferda vidare til Måløy. Der får Astrup 40 minutt til ein omvising og ein orientering av korleis Coast Seafood brukar digitalt utstyr. Det er også sette av tid til dialog med dei tilsette. Deretter held programmet fram hos Videonor i Måløy, der det også blir omvising, orientering og dialog med tilsette.

Høgre-ministeren avsluttar turen på Lefdal Mine Datacenter, som ligg i ein ombygd gruve nær Måløy.



Artikkeltags