I Firdaposten varsla Nødseth  før møtet at han ville krevje forholdtalsval fordi han meinte at samarbeidspartnarane SL og Frp fekk altfor dårleg utteljing i utvala.

- Vi vart einige før møtet. Vi fekk den tyngda i utvala som valet tilseier, konkluderte likevel  ein nøgd Nødseth etter konstitueringa av bystyret og val av råd og utval. Ekstra nøgd var også Nødseth med å få inn den tidlegare så populære Frp-politikaren, men og omstridde Olav Mølster (bildet)til Kontrollkomiteen som representant for SL

- Det er viktig å få valt inn nokon som kjenner det politiske systemet godt. Eg opplevde Mølster som ein svært konstruktiv politikar, seier Nødseth. Bystyret valde også å utvide Levekårsutvalet frå ni til elve medlemmer. Det løyste ein floke med å få god nok representasjon av kvart kjønn i utvalet.

Plan og samfunnsutvalet (POG)

Bystyret valde eikefjordingen Lars Terje Standal (Ap) til  ny leiar i det nye hovudutvalet, Plan- og samfunn, som no erstattar Plan og miljø. Nestleiar i utvalet vert Venstres Jan Arve Midtbø. Leiar Standal får med seg Bente Nygård og Anne Lise Midtbø frå Ap, Jon Sørland og Katrine Dale er høvesvis første og andre vara for Ap i utvalet. Dei andre i utvalet er; Hanne H. Kristensen og Bengt Solheim-Olsen frå Høgre, Martin Malkenes (MDG), Målfrid Steindal frå Senterpartiet og Hilmar Eliassen frå Samlingslista (SL). Vara for ulike samarbeidsgrupper: 1) Rune H. Nygård for Venstre, 2) Hilde Kvamssås Aa (SV) for MDG, Magnar Sunnarvik for Høgre og Inger Alsaker for SL.

Utbyggingsutvalet (UB)

Dette utvalet held fram som før som eit underutval av Plan og Samfunn, og skal ta unna byggesakene som hastar: Leiar Lars Terje Standal (Ap). Medlemmer: Anne Lise Midtbø, (Ap) Jan Arve Midtbø, (V), Hilmar Eliasson (SL), og Hanne H. Kristensen (H).

Prosjektkomiteen:

Leiar Kjartan Kvellestad, (SL), nestleiar Marit Gjerstad, (V)Anne Lise Midtbø og Lars Sterje Standal, (Ap) og Frank Robert Klakegg, (H).

Samferdsleutvalet:

 Leiar Vidar Grønnevik, (H), Bente Frøyen Steindal og Solveig Willis for  (Ap), Rune Otto Nilsen, (V), Frank Willy Djuvik, (Frp)

Overtakstnemnd:

 Rune Nygård, V, Roald Leivestad, Ap, Leidulv Beverly Stavø, Sp, Lasse Seim, SL, og Tore Jacob Madsen. H.

Levekårsutvalet (LK)

Karianne Torvanger (Ap) vert leiar i det nye tunge leverkårsutvalet, der arbeidsområda til dei tidlegare hovudutvala Helse- og sosial og Kultur- og oppvekst, no er samla i eitt utval. Jarle Storvik, Silje Ødegård Standal pg Markus Indrebø-Langlo  frå Ap vert med. Arlene Vågene frå Høgre er nestleiar i utvalet. Ho får med seg  Trine Hovland og Ingvar  Torsvik Myrvollen frå same parti. Så her kan vi trygt slå fast at Eikefjord vert tungt representert med fire av elve  i det nye utvalet. Dei andre i utvalet vert Terje Kjerpeseth og Torgunn Eikevik frå Venstre, Vivian Nordstrand og Lasse Seim frå Samlingslista. Vara til utvalet: 1) Ann Kristin Førde  (SV) og 2 Marie Kronen Tverranger (Ap) for samarbeidspartia til Ap, Marit Gjerstad for V,) 1) Karloline Korneliussen for SL. og Line Sundal for H.

Klagenemnd:

Åge Larsen, (Ap), Gunnhild Bjelland, (V), Anne Karin Kleiven Rynning, (Sp) Jarle Sundal, (Sl), og Arlene Vågene (H)

Kontrollutvalet:

Leiar Bjørn Hollevik, (H), Eva Richter, (Ap), Ole Chr. Rynning, (Sp), ), Olav Mølster (SL) og Mirjam Nesje (Frp).

Formannskapet.

Den nye ordføraren Ola Teigen, får med seg Solveig Willis, Anders Ola Sunnarvik og Bente Frøyen Steindal frå Ap, Hanne H Kristensen og Bengt  Solheim-Olsen frå Høgre. Jan Henrik Nygård frå Venstre held fram som varaordførar, Bente Nilsen (SV), Jacob Nødseth (SL), Gustav Johan Nydal (KrF) og Frank Willy Djuvik (Frp), vert dei andre.

Administrasjonsutvalet:

Oscar Bergheim, Ap, vert ny leiar for utvalet som også har den viktige funksjonen å ha ha arbeidslgjevaransvaret for tilsette i Flora kommune. Han får med seg: Bente Frøyen Steindal og Kari Vårdal frå Ap, Jacob Nødseth, (Sl) og Vidar Grønnevik, (H). 1) Vara for dei fem som samarbeider om makta er Jan Henrik Nygård, (V).

Takstnemnd for eigedomsskatt:

Elna Berge, Ap, Jan Arve Midtbø, V, og Line Sundal, H.

Styret for Allhuset i Eikefjord:

Leiar Målfrid Steindal, Sp, Johnny Jacobsen, V, og Trine Hovland, H.

Representant i styret for kryssrevisjonen:

Ingvar T. Myrvollen.

Representant i styret for SECOM:

Terje Kjerpeseth

Kommunale representantar i styret for Kinn Kyrkjelege Fellesråd:

Dag Hengrik Nygård

Representantar til Kommunalt råd for funksjonshemma:

Leiar Marie Kronen Tverrranger, Ap  og Trine Hovland, H.

Representantar til  eldrerådet:

Solbjørg Tonheim Ap, og Arlene Vågene, H.

Representantar til fylkesmøtet for KS:

Ola Teigen, Ap, Jan Henrik Nygård , V og Bengt Solheim-Olsen, H