Åshild skal vakte Nordsjøen

Fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes (Ap) blir nestleiar i Nordsjøkommisjonen dei neste to åra.

Fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes (Ap) blir nestleiar i Nordsjøkommisjonen dei neste to åra.

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Prestisjeverv til politikar-veteranen frå Florø.

DEL

Fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes er valt til vice chair (assisterande leiar) i den marine ressursgruppa i Nordsjøkommisjonen, melder Sogn og Fjordane fylkeskommue.

Ressursgruppa blir leia av svenske Anders Fasth frå Västra Götalandsregionen, som har med seg to assisterande leiarar. Kjelsnes er valt for to årog ho ser fram til å arbeide saman med politiske representantar frå ulike delar av nordsjøområdet.

- Vervet kan vere ei kjelde til mykje kunnskap og mange erfaringar, som fylkeskommunen kan ta med seg i eige arbeid. Det gir eit godt politisk nettverk, som strekker seg utanfor landegrensene, seier Kjelsnes.

Sogn og Fjordane fylkeskommune er medlem av Nordsjøkommisjonen, som er sett saman av 35 regionar i åtte land. Kommisjonen frontar særleg interessene til dei maritime regionane inn mot ulike organ i EU. Erfaringsutveksling, felles idéutvikling og konkrete samarbeidsprosjekt er andre viktige sider ved arbeidet.

Artikkeltags