Køyrde ulovleg over brua - men nekta å godta førelegg

Artikkelen er over 1 år gammel

Korkje skilting eller politi-inngrep overtydde bilisten.

DEL

Fredag ettermiddag var politiet på plass i Naustdal.  Målet var å kontrollere korvidt bilistar overheld forbodet mot å køyre bil over Naustdalsbrua der det er skilta «Forbode for motorveg» ved skuleslutt for ungane, mellom klokka 14 og 15.

Det viste seg at ikkje alle respekterte forbodet, og politiet skreiv ut seks forenkla førelegg.

Men det enda også med ei politimelding, då ein av dei som køyrde i forbodssona, nekta å godta noko førelegg frå politiet, som ifølgje Firda var på 5500 kroner.

Artikkeltags