Hadde ikkje førarkort – men køyrde likevel

Av

FLORØ: Bilførar stogga i sentrum måndag.

DEL

Ein bilførar i 50-åra er politimeld for køyring av bil utan gyldig førarkort.

Den ulovlege køyringa skjedde måndag føremiddag, og politiet i Florø fekk stogga mannen klokka 10.45.

Då køyrde vedkomande bil i sentrum av Florø.

– Bilisten det er snakk om er tidlegare fråteken førarkortet, noko vi var vel vitande om, og difor blei vedkomande stogga då køyringa blei observert, fortel Synnøve Domben ved politiet i Florø.

Artikkeltags