Vogntog stod fast mellom Svelgen og Isane – nekta å ta imot hjelp

Står fast: Dette polske vogntoget har stått her sidan klokka 15. Vogntoget spinn og spinn, men føraren vil ikkje ha hjelp av bilbergar.

Står fast: Dette polske vogntoget har stått her sidan klokka 15. Vogntoget spinn og spinn, men føraren vil ikkje ha hjelp av bilbergar. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

BREMANGER: Vogntoget stod i bakken og spann i fleire timar.

DEL

Vest politidistrikt melder at eit utanlandsk vogntog stod fast på fylkesveg 614 mellom Svelgen og Isane, melder Firda.

Sjåføren ønskte ikkje å få hjelp frå bilbergar. Dermed stod vogntoget der og spann. Vogntoget skal ikkje ha last med seg.

Det var trafikale problem på staden, og klokka 18.12 hadde politiet fått nok og rykte ut til staden.

Ein tipsar seier til Firda at det var ein polsk semi, med toaksla bil og treaksla tralle.

Operasjonssentralen opplyste til Firdaposten at  brøytebilen kom forbi eine vegen, men ikkje tilbake.

- Sjåføren nektar å ta i mot hjelp, han har berre ein kjetting og kjem verken fram eller tilbake. Difor køyrer vi opp, for å sjå kva vi kan bistå med, seier operasjonsleiar.

- Kva moglegheiter har de når sjåførane nektar å ta i mot hjelp - noko som vel skjer på grunn av frykt for rekninga?

 - Då må vi bistå. Står han til hinder for trafikken, så må bilen vekk, på eigars rekning. Då blir det litt meir makt bak kravet når politiet kjem på staden, seier operasjonsleiar hos Politiet Vest.

Rundt klokka 20.45 melde politiet at ein bergingsbil dreg traileren til Svelgen.

Artikkeltags