Trailer i vegen mellom Svelgen og Isane nektar å ta i mot hjelp

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

På fv614 mellom Svelgen og Isane - står eit utanlandsk vogntog fast. Sjåføren ønsker ikke ta i mot hjelp fra bilbergar, opplyser politiet på Twitter. Vogntoget har inga last, og står berre og spinn på det glatte føret - sjåføren skal ha prøvd å komme seg vidare siden klokka 15 i dag. Ettersom det er trafikale problem på staden, rykker politiet ut.

Operasjonssentralen opplyser at  brøytebilen kjem forbi eine vegen, men ikkje tilbake.

- Sjåføren nektar å ta i mot hjelp, Han har berre ein kjetting og står og spinn og kjem verken fram eller tilbake. Difor køyrer vi opp, for å sjå kva vi kan bistå med, seier operasjonsleiar.

- Kva moglegheiter har de når sjåførane nektar å ta i mot hjelp - noko som vel skjer på grunn av frykt for rekninga?

 - Då må vi bistå. Står han til hinder for trafikken, så må bilen vekk, på eigars rekning. Då blir det litt meir makt bak kravet når politiet kjem på staden, seier operasjonsleiar hos Politiet Vest.

Artikkeltags