16.42 fredag ettermiddag rykker væpna politi ut til Sparebanken Sogn og Fjordane sitt bygg i Strandgata i Florø, etter at ein innbrotsalarm vart utløyst. Væpna politi kom raskt på staden, og byrja gjennomsøke bygget utan å finne teikn på innbrot.

Vel ein time seinare fortel innsatsleiar Joakim Malterud på staden at det heldigvis var ein falsk alarm.

– Alarmen skuldast mest sammsynleg teknisk svikt, seier han og strekar samstundes under at politiet alltid tek innbrotsalarmar i bankar på største alvor, derav væpninga.