Ta og skru ned!

Politi dom

Politi dom Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Politinatta i fylket.

DEL

Både på Vikheim i Sogndal og i Havreneset i Florø måtte politiet ut og informere glade vertar om at naboane hadde uttrykt ønskje om å sleppe å høyre musikken deira i stova si. Eller kanskje det var på soverommet. På Vikheim stilte verten seg så uforståande til dette at politiet - etter endå fleire klager frå naboane - måtte rykke ut ein ekstra gong og gjenta bodskapen.

Frå Florø sentrum fekk politiet melding om amper stemning ved ein av utestadane. Det var ei kvinne i 20-åra som oppførte seg aggressivt mot ein mann i 30-åra, men ingen vart skadde. Noko tidlegare på kvelden vart ein bilførar stoppa av politiet då han køyrde rundt i ein bil som mangla bakskilt.

Like over klokka ni laurdag kveld fekk ein båt med sju personar ombord motorstopp i Heggøyosen. Men ambulansebåten i bygda rykte ut og fekk alle sju trygt til lands, melder politiet.

I Sogndal var det eit trafikkuhell på rv5 i Kjørnessvingane. Der var ingen personskade, men vegen vart delvis sperra ei stund.

Og til slutt var det nokon som hadde gløymt å ta inn hunden sin i Høyanger. Den stod ute og bjeffa mykje lenger enn det naboane - og sannsynlegvis bikkja sjølv - syntes var greitt.

Artikkeltags