Politiet tok 23 fartssyndarar ved Eikefjord

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

EIKEFJORD: Heile 23 bilistar måtte stogge for poliet torsdag.

DEL

Det kan verke som mange har det travelt i sommarvarmen - i alle fall på Riksveg 5.

Ifølgje twitter-meldingar frå politiet fekk heile 25 bilistar forelegg etter å ha køyrt over fartsgrensa torsdag. 23 av dei blei stogga på Knapstad ved Eikefjord, og høgaste fart blei målt til 111 kilometer i timen i 80-sona.

På Fylkesveg 614 ved Haukå var det også kontroll. Her blei to tekne for å ha køyrt for fort. Her var høgste målte fart 96 kilometer i timen i 80-sona.

Artikkeltags