Hissigproppar let seg roe ned per telefon

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Ein mann som hadde to kameratar på besøk i Måløy ringde til politiet fordi han frykta det brygga opp til slåstkamp mellom dei to. Det vart dog ikkje naudsynt å rykke ut: Ein operatør frå sentralen godsnakka med dei to hissigproppane, og det heile løyste seg før det vart verkeleg bråk.

I Førde fekk politiet melding om at ein mann på ca 70 år var svært berusa, og virra rundt. Patruljen som kom til staden oppdaga i tillegg at mannen hadde falle og skadd seg. Ein ambulanse køyrde han til legevakta.

På ein utestad i Måløy hamna to unge menn i starten av 20-åra i slagsmål. Den eine klaga etterpå over smerter i ei skulder. Mannen vart anmoda av politiet om å oppsøke lege. 10-12 personar utanfor utestaden var hissige på kvarandre, men det er ikkje heilt klart om det hadde med den same episoden å gjere. Patrulja roa det heile ned, og dei to som slåst vart melde for ordensuroing.

Artikkeltags