Blindpassasjerar på Hurtigruta trygt returnert

Hurtigruta MS Kong Harald har passasjerar om bord som ikkje skal vere der, når dei kjem til Florø tysdag morgon.

Hurtigruta MS Kong Harald har passasjerar om bord som ikkje skal vere der, når dei kjem til Florø tysdag morgon. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Tysdag fekk MS «Kong Harald» passasjerar om bord som ikkje skal vere der, og politiet måtte trø til i Florø.

DEL

04.42 tysdag morgon melde politiet på twitter at det var to blindpassasjerar på nordgåande Hurtigrute  MS «Kong Harald» som var på veg til morgonanløp i Florø.

Dei blei møtt av politiet som tok hand om dei.

- Det litt pussige i situasjonen var at det var to blindpassasjerar på same Hurtigrute på same tid - men der personane ikkje hadde noko med kvarandre å gjere, opplyste politiets operasjonssentral i Bergen tysdag morgon.

Den eine mannen var ein utanlandsk turist i 20-åra, medan den andre var ein mann i 30-åra.

Blindpassasjerane skal ha blitt oppdaga då andre reisande om bord reagerte på noko uvanleg åtferd hjå begge personane.

Det skal derimot ikkje har vore noko dramatikk forbunde med snikreisinga.

No fortel politistasjonssjef Wenke Hope at dei to er returnert til Bergen.

- Det eine tilfellet kan vel kallast ei noko tidleg og i overkant heftig start på nasjonaldagsfeiringa. Den andre personen var eit medisinsk tilfelle, fortel Hope.

Artikkeltags