Etter fleire forsøk blåste endeleg Isabel grønt

Politiet i Flora og Bremanger har sjekka fleire hundre førarar for rus denne veka. Alle blåste grønt.

Politiet i Flora og Bremanger har sjekka fleire hundre førarar for rus denne veka. Alle blåste grønt. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Denne veka har det vore mange politikontrollar langs vegane. Det er det ein god grunn til.

DEL

Politiet har denne veka hatt ekstra mange politikontrollar langs vegane. Ikkje berre her i Flora og Bremanger, men over heile landet. Både UP og politidistrikta har vore ute i felten og bedt folk om å blåse for å måle promille. Føremålet har vore både å førebygge og avdekke ruskøyring, og med det bidra til at talet på drepne og hardt skadde på norske vegar vert redusert.

Haldningskampanje

– Politiet og AV-OG-TIL har i fleire år hatt eit samarbeid om ein informasjons- og haldningskampanje mot promillekøyring, fortel Politistasjonssjef Wenke Hope.

– Hovudmålet med desse kampanjane er å nå ut til folk flest. Det inneber mellom anna dei som i stor grad respekterer promillegrensa og køyrer edru. Desse er med på å skape ein brei semje om at rus og bilkøyring ikkje aksepterast. I tillegg er det eit mål å nå dei som prøver å drikke litt i håp om at det går greitt, og dagen deretter-promillekøyrarar.

Vanlege folk

Tysdag kontrollerte politiet 58 bilførarar med tanke på rus. Alle var edru. Onsdag fekk Firdaposten vere med då dei kontrollerte innfartsvegen til Florø by for det same. Politiet stilte mannssterke, og den eine etter den andre bilen vart vinka inn. Sjåføren måtte vise sertifikat og blåse i måleapparatet, medan ein annan betjent sjekka registreringsnummeret opp mot registeret for å sjekke om årsavgift var betalt og alt var i orden.

– Er det sannsynleg at de tek nokon i å køyre med promille ein onsdag ettermiddag mellom 14 og 16? Det blir vel mest grøne lys dette? Er det noko poeng å bruke ressursar på dette?

– Du veit aldri, svararar politimannen William Steinset, men han må medgi at sjansen for at det blir pengar på bøtebudsjettet og kverrsette førarkort denne dagen ikkje er den største. Men det handlar ikkje berre om det.

– Dette er først og fremst førebyggande, og så er det kjekt å komme seg ut og møte folk. Bra for oss, og eg trur det er bra for folk også, at dei treffer oss og snakkar med oss. Så oppdagar dei at politiet også berre er vanlege folk.

Isabell Gåsøy syntes det var litt skummelt å blåse, sjølv om politimannen William Steinset ikkje såg ut som om han kunne gjere ein fluge fortred.

Isabell Gåsøy syntes det var litt skummelt å blåse, sjølv om politimannen William Steinset ikkje såg ut som om han kunne gjere ein fluge fortred. Foto:

Skummelt

Folket som blir vinka inn for å blåse tek det med godt humør, sjølv om det er midt i arbeidstida og dei sikkert er på veg ein plass. Men det er rart med det. Politiet har det med å gjere oss litt nervøse, sjølv om vi ikkje har gjort noko gale. Isabel Gåsøy må ha nokre forsøk før ho klarar å få måleapparatet til å lyse grønt.

– Var det litt skummelt å blåse i det apparatet?

– Det var litt skummelt ja!

– Du var ikkje redd for at det skulle lyse raudt? Du har vel ikkje drukke?

– Nei, eg har aldri drukke alkohol. Eg lever som ei nonne!

Godt resultat

Statistikken visar at julebordssesongen tilsynelatande ikkje gjer noko auke i den ruspåverka køyringa. Politiet melder fleire rusførarar i sommarmånadene enn dei gjer i desember. Ein trend som ifølge UP har vore i fleire år. Heller ikkje denne ettermiddagen blir det fangst på politiet. Dei kontrollerer 41 bilførarar før dei pakkar saman denne kontrollen. Alle saman blåste grønt. Det er eit godt resultat, melder Wenke Hope.

Firdaposten slapp å bli kontrollert, noko vi skal vere veldig glade for. Promillen var nok innanfor det lovlege, men sertifikatet låg att i ein annan bil. Det visste heldigvis ikkje lovens lange arm noko om. 

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken