Arne Johannesen: – Har gitt beskjed om at narkotikahundar ikkje skal brukast på førebyggande dagar

NEI TIL HUND: Arne Johannesen seier til NRK at dei tek innover seg debatten som har vore. No må hundane bli heime om politiet skal på skulebesøk.

NEI TIL HUND: Arne Johannesen seier til NRK at dei tek innover seg debatten som har vore. No må hundane bli heime om politiet skal på skulebesøk. Foto:

FLORØ: Neste gong politiet skal på skulebesøk for å førebygge må narkotikahundane bli heime.

DEL

Debatten om politiaksjonen på Flora vidaregåande skule held fram. Til NRK seier politisjefen i Sogn og Fjordane, Arne Johannesen, at han har merka seg debatten og han har no sagt ifrå om at hundar ikkje lenger skal brukast i førebyggande arbeid på skular.

– Me ser ikkje noko behov for orsaking. Me har gjort ein god politijobb i tett dialog med skuleleiing og elevar. Samstundes lærer ein av alt, og me tek innover oss den debatten som har vore no og har gitt beskjed om at narkotikahundar ikkje skal brukast på førebyggande dagar på skular.

Bakgrunnen for NRK si sak var at Jim-Rune Pedersen, som er elev på Flora vidaregåande skule, meinte at politiet burde be om orsak og innrømme at aksjonen var feil. Han er redd at dette svekker tilliten mellom ungdommen og politiet, og gjer det vanskelegare å be om hjelp.

Artikkeltags